fbpx

Eit lite rom

På tirsdag kl. 19.30 får Rossabø kirke besøk av komponist duoen Solveig Sørum og Else Olsen S.

Under kan du lese hva de selv sier om konserten, og nederst i artikkelen kan du se et videointervju vi tok med dem der vi får høre mer om stykket og hvordan de jobber med instrumentene sine.

Idéen til verket spring ut i frå situasjonen me er i akkurat no, kor heile verda verkar å vera nedstengd i små rom, både fysisk og på andre måtar. Tittelen er lånt frå ei gamal folketone frå Etne, Und mig Gud et Lidet Rum, som blir handsama heilt mot slutten av verket.

Det er mange gøymde skattar i folkemusikken her i bygdene. I Eit lite rom ynskjer me at publikum skal undra seg over storleiken på kva rom me gjer til kvarandre rundt oss, og til oss sjølve. Det er så mykje som er blitt stengt ned siste året, spesielt for dei mest sårbare, samstundes som me ser auka deltaking i rommet kring oss nokre plassar. Andre plassar er urovekkande og skremmande å sjå korleis det på blir mindre rom for mangfaldet. Det er lett å venda auga ut mot dei store statsleiarane som kranglar på ein slik måte me ikkje ein gong tillet hjå barnehageungar.

Det er store kontrastar. Det blir spegla gjennom instrumenta våre også, frå det store orgelet til dei små lydane i det preparerte pianoet, med skruer, boltar og viskelær mellom strengene. Ikkje prøv dette heime, forresten, det er lett å ødelegga instrumentet.

Men det er kanskje enno meir viktig å venda seg kritisk inn mot seg sjølve, og kva som lurer i skuggane i våre innerste krokar, i gøymde og lukka rom. I dette prosjektet har me reflektert over kva rom me lagar rundt oss sjølv, og kor rause me er med andre, og også med oss sjølv.

Vågar me å lukka opp stengde rom og sleppa skuggane ut? Vågar me å gå inn når nokon byr oss sitt innerste rom?